Anzeige
Zurück
H

Fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon - vikariat

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
Bergen · 1462 km · vor 6 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden

Gefragte Skills

Anzeige

Stellenbeschreibung

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, og RELIS. Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189. Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har mellom 40 og 50 bioingeniørar og helsesekretærar knytt til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og i Nordhordaland. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøver til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt. Vi lyser no ut vikariat for stilling  som fagbioingeniør for perioden 12.10.26 - 30.07.27 med moglegheit for forlenging på Preanalytisk seksjon   i samband med utrullinga av desentral prøvetaking i Helse Bergen.  Arbeidsoppgåver Delta i rettleiing i blodprøvetaking for medarbeidarar, studentar og desentrale prøvetakarar Bidra som instruktør på praktiske kurs for venøs og kapillær blodprøvetaking Bidra i hygiene- og smittevernarbeid ved MBF  Bidra som støttefunksjon for koordinator desentral prøvetaking Delta i oppfølging av poliklinikken i Sentralblokka Superbrukar Imatis Avviksbehandling i Synergi Delta i driftsoppgåver ved seksjonen Andre oppgåver kan tilkomme Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør. Det er ønskeleg med minimum 2 års erfaring frå tilsvarande laboratorium Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Dersom søkar er kjend med drifta og har erfaring frå preanalytisk seksjon ved MBF, kan dette vera ein fordel Personlege eigenskapar Samarbeidsvillig med gode kommunikasjonsevne Handlings- og løysingsorientert Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver Nøyaktig og strukturert Vere engasjert i fagfeltet, nysgjerrig og kunnskapssøkande Like å delta i opplæringa og formidle kunnskap  Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Stillinga er ei dagstilling Gode pensjons- og forsikringsordningar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonNina Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829, nina.marie.namtvedt@helse-bergen.no Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5166596363 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 09.11.2026 Søknadsfrist: 09.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige