Anzeige
Zurück
T

Er du utviklingsorientert og søkjer nye utfordringar?

TOLLETATEN BERGEN
Bergen · 1462 km · vor 2 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden

Gefragte Skills

HrPersonal
Anzeige

Stellenbeschreibung

  Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.    Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er organisert under ei nyoppretta avdeling for vareførselsutvikling. Vareførselsdivisjonen har nasjonalt ansvar for den registrerte vareførselen, og hovudkontor i Bergen.   Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar.    Seksjon bidrar med ressursar både for å ivareta forretningsutvikling i store etatsomfattande program og prosjekt, som til dømes «Digitoll» og «Fremtidens Tollbehandling» og med prosjektleiing og prosesstøtte til interne einingar og divisjonen sine eigne utviklingsinitiativ. Seksjonen har p.t. 12 stillingar og tilsette med høg kompetanse og variert fagbakgrunn.  Seksjonen er lokalisert i Bergen. Du må rekne med at det blir noko reising.   Sentrale arbeidsoppgåver: Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg.  Du vil: ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga, og skal nytte og utvikle ressursane i personalgruppa på best mogleg vis for å sikre oppfølginga av dei oppgåvene som til kravr tid ligg til denne seksjonen. samarbeide med andre einingar, utviklingsinitiativ og prosjekt internt i etaten, og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar for å nå måla som er sette. du vil få ei sentral rolle i å strukturere opp og prioritere utviklingsarbeidet i divisjonen   Kvalifikasjonar:   relevant master eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatta kravet om mastergradrelevant leiarerfaring  leiarerfaring  svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk   god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk    Det er ønskjeleg med erfaring frå følgjande:  organisasjonsutvikling, forbetringsprosessar og prosjekt- eller prosessleiing regelverksutvikling  gjennomføring av digitaliseringsinitiativ tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt   komplekse organisasjonar    Vi søkjer deg som:   vil vere tydeleg og trygg i leiarrolla  er analytisk, strategisk og utviklingsorientert  har evne til å strukturera og drive fram ulike prosessar innan frist  evnar å byggje gode relasjonar internt og eksternt  er fleksibel og løysingsorientert   er reflektert og trygg på eigne verdiar er motivert av å bidra til utvikling av eit sentralt samfunnsoppdrag    Vi tilbyr:   Moglegheit for den rette kandidat til å forme og utvikle ein nyoppretta seksjon  Eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med eit viktig felles samfunnsoppdrag  Lønn, ut frå kvalifikasjonar og erfaring i stillingskode som seksjonssjef i spennet 840 000 – 920 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast  Eit moderne kontorlandskap sentralt på Danmarksplass, med sykkelparkering, treningsrom og ein veldriven kantine fleksibel arbeidstid, og moglegheit for BIA (bevegelse i arbeidstida). I tillegg får du medlemskap i Statens pensjonskasse, som har gode forsikrings- og pensjonsordningar, og dessutan gode vilkår på bustadlån    Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før eventuell tilsetjing, jf. vareførselslova § 1-4. Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET   For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Kim Sperstad på 944 35 688. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på e-post: PB_VD-HR@toll.no   Til deg som søkjer jobb i Tolletaten Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.   Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på  arbeidsgivarportalen.   Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar. Om arbeidsgiveren: null

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen