Anzeige
Zurück
F

Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure

FJORD1 AS
Bergen · 1462 km · vor 2 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team? Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Gode velferdsordningar med m.a leilegheit i Bergen, Oslo, Voss m.m.  Jobben er fagleg utfordrande og meiningsfull. Her bidrar du til at lokalsamfunnet går rundt. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal. Vi treng no forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord.  Familievenleg turnus: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt. Fri 2 av 3 helger i ordinær turnus, ekstra fri på sommaren med fri 3 av 4 helger. Kvifor bør du søke? Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift. Engasjerte og dyktige kollegaer. Mykje fritid både på helg og i kvardager. Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål.  Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift  Vere avløysar for skipsførar  Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet  Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal  Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer  Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet Kvalifikasjonar D3-sertifikat VHF/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta ECDIS kurs Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Personlege eigenskapar Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø Gode velferdsordningar   Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no ArbeidsstadAskvoll 6980 Askvoll Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5076984909 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen