Arbeidsleiar Rigg
Gefragte Skills
Stellenbeschreibung
Er du ein tydeleg leiar med teknisk innsikt og interesse for verftsdrift? Vi ser etter deg som trivst med ansvar og som motiverast av å planleggje, koordinere og leie viktige aktivitetar innan nybygg, reparasjonar og dokkoperasjonar. Du tek initiativ, skapar struktur og bidreg til at prosjekt vert gjennomførte på ein trygg og effektiv måte. Hos Ulstein blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av fagområde står sentralt. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, høgt tempo og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Søknader vert vurderte fortløpande. Arbeidsoppgåver Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg, på reparasjonsoppdrag og på anlegget Bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar Sørge for at anlegget til ei kvar tid vert halde i orden, og er ryddig Fokus på utøving av godt HMS-ansvar Ansvarleg for inn-/utdokking av skip Kvalifikasjonar Erfaring eller kjennskap til riggarbeid på skipsverft vil vere ein fordel Leiarerfaring God teknisk forståing Gode datakunnskapar Må beherske norsk og engelsk godt - skriftleg og munnleg Sjølv om du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonane, oppmodar vi deg til å søkje. Personlege eigenskapar Fagleg interessert Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral Sjølvstendig med høge krav til eige arbeid Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Stabil med stor arbeidskapasitet Ryddig og strukturert Resultatorientert og initiativrik Vi tilbyr Godt fagleg miljø Gode utviklingsmoglegheiter Fleksitidsavtale Gode forsikrings- og pensjonsordningar Interessante og varierte arbeidsoppgåver KontaktinformasjonStig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5171533518 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden