Anzeige
Zurück
H

Lege i spesialisering - radiologi

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
Bergen · 1462 km · vor 2 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

Visuell og faglig spennande jobb? Vi har behov for fleire LIS: Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus søker etter lege i spesialisering.                                            Om jobb & fag: Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk. Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon. Om by & land: Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv! God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo. Om avdelinga: I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen. System for RIS/PACS er SECTRA. Radiologar med godt fagleg renomé, og entusiastisk fellesskap med godt samhold både på og etter jobb. Radiologisk avdeling har gjennomgående ansvar og samdrift av legeressurser for all radiologisk virksomhet ved sjukehusa i Helse Fonna: Haugesund, Stord og Odda. Radiologisk avdeling satser på effektivitet og høg kvalitet i tenesta. Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi Gode lønnsvilkår. For tiden med rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring   Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåver ihht. radiologi Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 veker Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett Godkjent LIS-1-tjeneste Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Erfaring frå radiologisk arbeid vil bli vektlagt, men er ikkje ein føresetnad Kva ser vi etter hos deg? Interesse for radiologifaget Strukturert Sjølvstendig Gode kommunikasjonsevner Initiativrik Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagde Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan KontaktinformasjonErik Mühlbradt, Avdelingsleiar, 48215345, erik.guerricagoitia.muhlbradt@helse-fonna.no Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, elin.hetland@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5171933708 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.  For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her  www.helse-fonna.no.  

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen