Anzeige
Zurück
H

Psykolog

HELSE FØRDE HF NORDFJORD BUP
Bergen · 1462 km · vor 3 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden

Gefragte Skills

Anzeige

Stellenbeschreibung

Nordfjord BUP har ledig 100 % engasjement som psykolog i inntil  3 år, med mulighet for fast tilsetting.  Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000. Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, psykiatrisk sjukepleiar og miljøterapeut. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team. I tillegg har vi administrasjonskonsulent og sekretær, ein prosjektleiar for prosjektet integrerte tenester TAKT, og eit FACT Ung-team i samarbeid med Stad kommune. Vi legg stor vekt på godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid.  Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet! Vi søkjer ein medarbeider som er interessert i å jobbe med barn, unge og familiar, og som likar å samarbeide med  andre for å få bidra til gode endringssprosessar. Vi ser særleg etter detg som ønskjer å arbeide i FACT Ung-teamet Vi oppmodar menn til å søkje. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering og behandling Jobbe etter FACT Ung modellen Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod  Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologlisens Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er avgjerande for god pasienthandsaming. Erfaring frå arbeid med barn og unge God system- og rolleforståing Personlege eigenskapar Gode evner til å møte og kommunisere med barn, unge og foreldre slik at dei kjenner seg sett og forstått Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte slik at vi kan gjere kvarandre betre Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver Like varierte utfordringar, og må trivast i eit aktivt og travelt miljø  Vi tilbyr Mange spennande arbeidsoppgåver Eit aktivt tverrfagleg fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid søkjer etter fornying og forbetring  God fagleg vidareutvikling Løn etter gjeldande overeinskomst  Gode pensjons- og forsikringsordningar  Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350 ArbeidsstedSjukehusvegen 7 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5171643818 Stillingsprosent: 100% Engasjement Sluttdato: 31.08.2029 Søknadsfrist: 10.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.  Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige