Anzeige
Zurück
H

Sekretær

HELSE FØRDE HF NORDFJORD BUP
Bergen · 1462 km · vor 3 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

Nordfjord BUP har ledig vikariat i 100% stilling som sekretær i perioden 01.12.2026 til 31.12.2027.  Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er organisert i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Kvar seksjon har sin eigen sekretær. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000.  Sekretæren har tett kontakt med pasientar, behandlarar og samarbeidspartnarar, og er ein viktig bidragsytar til god dagleg drift. Det er og eit tett samarbeid med dei andre sekretærane og konsulentane i avdelinga, Saman har de ansvar for å løyse dei merkantile arbeidsoppgåvene på ein god måte. Arbeidsoppgåver Ta godt imot pasientar, pårørande og andre besøkande ved BUP Planleggje og administrere timeavtalar og samarbeidsmøte Samarbeide tett med kollegaer på tvers av seksjonane Følge opp rapportering og kontorfaglege oppgåver knytt til Nordfjord BUP Kvalifikasjonar Merkantil eller kontorfagleg utdanning er ønskjeleg  Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad  God systemforståing GodE IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar Du evner å arbeide strukturert og sjølvstendig Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel Du kommuniserar og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollagaer Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Det vert lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons-og forsikringsordninger Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse Varierte arbeidsoppgåver Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonToril Taklo, Avdelingssjef, 578 64 350 Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350 ArbeidsstedSjukehusvegen 7 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5171659605 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 10.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.  Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen