Anzeige
Zurück
O

Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?

OSLAND SETTEFISK AS
Bergen · 1462 km · vor 5 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland  Settfisk.    Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling.   Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen.     Arbeidsoppgåvene vil vere Drift og oppfølgjing av RAS anlegg Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr Teknisk tilsyn Journalføring og rapportering Delta i utbyggingsprosjekt   Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.   Osland Settefisk tilbyr Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø Moderne anlegg og utstyr Utfordrande arbeidsoppgåver Gode faglege utviklingsmoglegheiter Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad   Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.       Om arbeidsgiveren: Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS.    Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.   Trygg og god arbeidsplass.

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen