Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning
Stellenbeschreibung
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb innan rusbehandling i spesialisthelsetenesta? Då kan dette vere stillinga for deg! Poliklinikk TSB Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, eller relevant erfaring frå fagfeltet. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit viktig behandlingstilbod og vere med på å utvikle tenestene våre i Kristiansund. Poliklinikk TSB Molde inngår i klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengigheit. I poliklinikken arbeider vi med b.l.a. individuell behandling, gruppebehandling og dagbehandling. Tilbodet i poliklinikken gjeld også Legemiddelassistert Rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet vårt på Nordmøre har vi etablert eit team i Kristiansund som ivaretek LAR-behandling. Teamet ligg under poliklinikken i Molde med arbeidsplass i Kristiansund. Som vernepleiar/sjukepleiar vil du få sjølvstendig behandlingsansvar og ansvar for medikamenthandtering i teamet i Kristiansund. Arbeidstid er p.t. dagtid 08.00 - 16.00 Bur du midt i mellom Molde og Kristiansund er det moglegheit for å jobbe begge stadar. Arbeidsoppgåver Individuell behandling Pasientansvarleg koordinator LAR- behandling Medikamenthandtering Undervisning/rettleiing Kontinuerlig forbetring/kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie /vernepleie Krav om relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid Må meistre norsk skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke Personlege eigenskapar Du er fleksibel og løysingsorientert Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her! KontaktinformasjonAnn Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar Elisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212 ArbeidsstadStrandgata 1 6415 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5154472668 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden