Anzeige
Zurück
M

Prosjekteringsleiar - Store bruprosjekt

MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE SAMFERDSELSOMRÅDET LOKASJON ÅLESUND
Bergen · 1462 km · vor 3 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden

Gefragte Skills

Anzeige

Stellenbeschreibung

Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar.  Stillinga har kontorstad Ålesund.  Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier. Arbeidsoppgåver- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket. 

  • Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing. 
  • Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga. 
  • Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter. 
  • Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet. 
  • Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen. 
  • Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.   Kvalifikasjonar- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).  
  • Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar.  
  • God kjennskap til digitale verktøy 
  • Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM  
  • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar
  • Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar. 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg 
  • Utviklings- og løysningsorientert 
  • Arbeide nøyaktig og målretta 
  • Sjå  behov og ta ansvar  Vi tilbyr- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtaleKontaktinformasjonRagnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt, 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.no Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no ArbeidsstadBorgundvegen 340 6009 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5171263284 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling. FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte  Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.  Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)

Quelle: EURES · Europäisches Portal zur beruflichen Mobilität. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige