Vi søker dekkssjef/overstyrmann
Stellenbeschreibung
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder.
Skiftordning: 2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av. Du går ein kombinasjon av dagvakter, nattevakter og døgnvakter - dette er ein turnus med mykje fri, ein stad mellom 2:3 / 2:4 i snitt, dersom du ser arbeidstimer opp mot mengde fri.
Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. I tillegg til å vere ein bidragsyter mot sikkert og effektiv drift, vil du vere leiar av dekksavdelinga om bord.
Søkjar må bu lokalt. Aktuelle kandidatar vert kontakta og tilsett fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Sikkerheitsstyring
Energileiing
Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
Ansvarleg for personleg tryggleik
Ansvarleg for miljømessig tryggleik
Du er leiar for dekksavdelinga om bord
Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
Minimum D3-sertifikat
ROC/GMDSS-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg.
Vi tilbyr
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar
Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsstad
Fauskevegen 117
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5142828467
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2026
Quelle: candidate.webcruiter.com. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden