Anzeige
Zurück
S

Sjukepleiar 100 % fast stilling

Sulatunet, Sula kommune
Langevåg · 999 km · vor 115 Tagen
VollzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.

Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.

Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.

Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar

Arbeidsoppgåver

Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar

Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper

Samarbeid og involvering av bebuar og familie

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar

Krav om politiattest for stillinga.

Personlege eigenskapar

Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det

Gode faglege kunnskapar

Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner

Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid

Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.

Vi tilbyr

Et positivt og engasjert fagmiljø

Interessante og varierte arbeidsoppgåver

God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll

Langvakter på helg i nokre stillingar

Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.

Stipendordning for sjuke- og vernepleiarstudentar

Lokalt tillegg for helsepersonell: fagarbeidarar kr 5000,- pr år, høgskuleutdanna kr 6500,- pr.år (justerast etter stillingsprosent)Lokalt tillegg for arbeid på helg.

Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år.   (justerast ikkje etter stillingsprosent)

Lokalt tillegg for 20 års ansiennitet kr 5716,- pr år

Tillegg for vidareutdanning

Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning

Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar langtidsavdelinga, 90153607, Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.no

Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 23

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5133000545

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.12.2026

Quelle: candidate.webcruiter.com. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen