Anzeige
Zurück
S

Brukarstyrt personleg assistent søkjast til 18 år gamal jente

Samnanger kommune
Tysse · 999 km · vor 93 Tagen
TeilzeitVor Ort
Matching nur mit Login und CV verfügbar
Lade deinen CV hoch und sieh sofort, wie gut jeder Job zu dir passt.
Anmelden
Anzeige

Stellenbeschreibung

Om stillinga

Hei!

Eg er ei 18 år gamal jente som bur heime saman med mor og far. På grunn av alvorlig ME treng eg hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen, slik at både eg og familien min får ein meir føreseieleg og oversiktleg kvardag.

No ser eg etter ei eller fleire trygge, omsorgsfulle og pålitelege kvinner som kan vere personlege assistentar for meg. Arbeidet handlar i hovudsak om å hjelpe til med praktiske oppgåver i heimen og bidra til at kvardagen fungerer best mogleg.

Stilling og arbeidstid

Eg behøver person(ar) som kan vere assistenten min. Arbeidstida vil vere mellom kl. 09.30 og 23.30 på dagtid, ettermiddag, kveld og enkelte helger.

Eg søkjer både faste assistentar og tilkallingsvikarar. Stillingstorleik og turnus kan tilpassast den rette kandidaten.

Oppgi gjerne i søknaden kva arbeidstid og stillingsstorleik som kan passe for deg.

Eg håpar eg har vekka di interesse og at akkurat du sender inn din søknad. Eg ser fram til å bli bedre kjent med deg!

Arbeidsoppgåver

Vere ein trygg og stabil støtteperson i kvardagen

Bidra til struktur, føreseielegheit og meistring i daglege aktivitetar

Gi praktisk støtte knytt til måltid, enkle oppgåver i heimen og andre gjeremål etter behov

Bidra til sosial deltaking og ein meiningsfull kvardag ut frå brukaren sine ønskje og dagsform

Medverke til ein roleg, trygg og positiv kvardag

Kvalifikasjonar

Krav

Kvinne over 18 år

Førarkort klasse B

Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Politiattest må leggast fram før tilsetjing

Ønskjer

Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

Personlege eigenskapar

Eg ser etter deg som:

Har godt humør og bidreg med positiv energi

Er roleg, tålmodig og omsorgsfull

Er ansvarsbevisst og påliteleg

Kan arbeide sjølvstendig

Har respekt for at dagsform og behov kan variere

Personleg eignaheit og god kjemi vil bli tillagt stor vekt

Me tilbyr

Ei meiningsfull og viktig rolle i kvardagen til ein ung person og hennar familie

Eit trygt og godt arbeidsmiljø

God opplæring og oppfølging

Lønn etter gjeldande tariffavtale

Rettleiing og oppfølging

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande

Arbeidstilhøve

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

På grunn av arbeidsoppgåvene, som omfattar bistand ved personleg hygiene og andre private situasjonar, søkjer vi kvinner til stillinga. Kravet er grunngjeve i omsynet til brukaren sin personlege integritet.

Som tilsett i Samnanger kommune vert du meldt inn i KLP si pensjonsordning, som omfattar alderspensjon, AFP, uførepensjon og forsikringsordningar.

Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på 6 månader.

Søknad må sendast elektronisk via JobbNorge.

Quelle: jobseeker.jobbnorge.no. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.

Bewerbungstext erstellen

Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.

Nur mit Konto verfügbar.

Jetzt anmelden
Anzeige

Ähnliche Stellen