Tilkallingsvikarar i barnehagane og skulen
Stellenbeschreibung
Vestre Slidre kommune søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar ved Slidre kulturbarnehage, Røn naturbarnehage og Vestre Slidre skule for barnehage-/ skuleåret 2026/2027. Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store.
Har du lyst til å jobbe med barn og unge, og ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Søknadar blir vurdert fortløpande, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på, og kva tidsrom du kan arbeide. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko😊
Arbeidsoppgåver
Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehage/ skule
Oppfølging og rettleiing av barn og elevar
Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift
Bidra til eit trygt, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø
Samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar, lærarar og andre med relevant kompetanse
Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
Politiattest må framleggjast før oppstart
Personlege eigenskapar
Du er trygg, omsorgsfull og tydeleg
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du er påliteleg og samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
Du bidreg med positiv energi og godt humør
Personleg egnaheit og motivasjon vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og unge
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Janne Opheim, Rektor Vestre Slidre skule, 97602202, Janne.Opheim@vestre-slidre.kommune.no
Grethe Våtsveen, Styrar Røn naturbarnehage, 97123190, Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no
Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5128967863
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.05.2027
Quelle: candidate.webcruiter.com. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden