Vernepleiar
Stellenbeschreibung
Ved sengeposten for psykosebehandling ved SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig vernepleiar til ei 100 % fast nattstilling!
Som nattevakt hos oss vert du ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø som legg til rette for trygg og heilskapleg behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som vil vere ein aktiv bidragsytar i behandlinga av pasientar med psykose, og som vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid, fagleg kvalitet og kontinuerleg utvikling. Sengeposten for psykosebehandling ved SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset. Dette er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. Personalgruppa er breitt samansett og arbeider både med utgreiing av psykoseproblematikk og behandling gjennom mellom anna medikamentell oppfølging, samtaleterapi, fysisk aktivitet, turgrupper og miljøterapeutiske tiltak.
Menn er oppfordra til å søke.
Arbeidsoppgåver
Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
Administrere og følgje opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm
Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon
Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
Delta på fagdagar og anna opplæring
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som vernepleiar
Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid
Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit
Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar
Du arbeider sjølvstendig
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling
Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Ingunn Romundstad Innerdal, Konst. seksjonsleiar, 71118484, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5127968204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026
Quelle: candidate.webcruiter.com. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden