Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Stellenbeschreibung
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiarar/vernepleiarar i 100 % fast stilling som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.
For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen.
Kvifor velje oss?
Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!
Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
Du får bruke kompetansen din der behovet er størst
Du blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar
Arbeidsstad
Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon
Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring
Bidra til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
Har gjerne relevant vidareutdanning
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir):
Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen
Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid
Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga
100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaer
Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helg
Vi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Quelle: bjornafjorden.easycruit.com. Für die Inhalte der Inserate übernehmen wir keine Haftung.
Bewerbungstext erstellen
Wir erstellen aus deinem Profil und dieser Stelle einen Entwurf. Du prüfst und passt ihn an.
Nur mit Konto verfügbar.
Jetzt anmelden